Musikkens venner Tomrefjord

Click here to edit subtitle

Sommarkonsertane 2011 - fredagskonsert

« Back to calendar « Previous Event | Next Event »
Friday June 24, 2011 6:30 PM - 8:30 PM
Kulturhuset Idahall, Vik, 6393 Tomrefjord  (map)

For tredje år på rad arrangerer Musikkens Venner Tomrefjord sommarkonsert.

Å kalle arrangementet ein tradisjon er vel kanskje å overdrive, men ein tradisjon skal det bli. Vi forsøker å utvikle aktiviteten vår år for år, og i år utvidar vi arrangementet til 2 konsertar pluss medlems- og sponsorfest.

Vi prøver på sommarkonsertane å kombinere lokale talent med profesjonelle musikarar frå inn- og utland.

Første konsert blir fredag 24. juni.

Då får vi besøk av Alpaca Trio & Ensemble - pianotrio frå Trondheim og dei to strålande songarane Ivana Milasinovic og Stevica Krajinovic.

Odd Johan Overøye, stordalingen som er professor i musikk ved NTNU Trondheim, vil lose oss gjennom programmet som programvert.

 

Post a Comment

Oops!

Oops, you forgot something.

Oops!

The words you entered did not match the given text. Please try again.

Already a member? Sign In

0 Comments