Musikkens venner Tomrefjord

Click here to edit subtitle

Sommarkonsertane 2011 - laurdagsmatine

« Back to calendar « Previous Event | Next Event »
Saturday June 25, 2011 5:00 PM - 7:30 PM
Kulturhuset Idahall, Lid, 6393 Tomrefjord  (map)

Laurdag 25. juni blir det laurdagsmatiné med blant andre dei lokale talenta Amalie Haugen Øvstedal frå Vestnes og Stine Ulla frå Sykkylven i tillegg til tomrefjordjenta Cecilie Djupvik Brendeløkken. Vidare kjem vår gamle venn tenoren Vlad Mirita frå Romania, denne gongen i selskap med barytonsongaren Iordache Basalic, begge solistar ved Najonaloperaen i Bucuresti.

Frå Operaen i Oslo kjem Bo Elley, Petter Fegran, og Florin Demit. Vi får også høyre Ivana og Stevica. Det er vel unødvendig å nemne at Hallvar Djupvik som vanleg er sentral i prosjektet.

Musikalsk ansvarleg er Martin Bredin som også skal dirigere Tomra Brass Band. Kompet elles denne gongen vil bestå av Trond Salthammer og gjengen hans.

Vi har vidare lukkast i å overtale forfattaren Arne Ruset til å dele sine skeive blikk på daglege hendingar og dragningar med oss denne kvelden. Kven veit, kanskje han var gjest i det store bryllaupet i London i slutten april?? Knut Marius Djupvik er programvert, og greier sikkert ikkje å la vere å synge litt. Og når slike ting skjer i bygda kjem som oftast Polkabjørn jodlande også...

Post a Comment

Oops!

Oops, you forgot something.

Oops!

The words you entered did not match the given text. Please try again.

Already a member? Sign In

0 Comments