Musikkens venner Tomrefjord

Click here to edit subtitle

Sommarkonsertane 2013

« Back to calendar « Previous Event | Next Event »
Saturday June 29, 2013 7:00 PM - Sunday June 30, 2013 5:00 AM
Kulturhuset Idahall  (map)

Spennande program på årets Sommarkonsertar i Tomrefjord 28. og 29. juni. Planlegginga av årets konsertar er snart i mål, og programma begynner etter kvart å ta form.

Laurdag den 29. får vi igjen oppleve Trondheimsolistene som blant anna vil framføre In Furore av A. Vivaldi, eit fyrverkeri av en komposisjon. Ole Jørgen Kristiansen frå Den Norske Opera vil gi oss en smakebit som Tonia fra operaen Pagliacci. En rolle som han hausta ovasjonar frå i den nylege oppsetninga ved Den Norske Opera og Ballett. Thor Inge Falch har denne gongen med seg sopranen Ilze Kozlovska i ein duett frå La Traviata. Stephanie Lippert og Hallvar Djupvik vil også framføre ein duett, frå Czardasfyrstinnen av Kalmán. Rosina i pølsa blir vel kanskje likevel urfremføringa av ein ny komposisjon: Sommer Suite av Martin Bredin, skrevet for Saksofon, Trekkspel, Tuba og Strykeorkester. Med den kombinasjonen vi har musikarar og orkester blir det garantert ei kjempeoppleving.

Laurdag 29. etter konserten arrangerer Musikkens Venner Tomrefjord Sommarfest på Idahall. Dette er for foreininga sine medlemmer, musikarane og støttespelarar. Utan tvil årets fest i Tomrefjord. God mat, drikke og ikkje minst underhaldning på høgt nivå der ”alle” er med og bidreg.

Post a Comment

Oops!

Oops, you forgot something.

Oops!

The words you entered did not match the given text. Please try again.

Already a member? Sign In

0 Comments