Musikkens venner Tomrefjord

Click here to edit subtitle

Medlemsfest og julebord

« Back to calendar « Previous Event | Next Event »
Saturday November 15, 2014 9:00 PM - Sunday November 16, 2014 2:00 AM
Kulturhuset Idahall  (map)

Etter konserten med Reza e i Ragazzi samlast me til medlemsfest og julebord.

Vi er sikre på at dette blir ei oppleving vi seint gløymer. I tillegg til god og tradisjonell julemat får me kulturopplevingar av høgste klasse, alt leda av moromannen Odd Arne Halaas. Av artistar som stiller, i tillegg til Hot Club de Norvège nemner me:

Ida Løvli Hidle (master på accordion, utdanna i Norge og Danmark, før sommaren i år på the Central Conservatory of Music i Beijing, for å studere med Xiaoqing Cao.)

Odd Arne Halaas (trekkspelar m.m. frå Halåsen, heilt umuleg å seie kva han kan finne på).

Aleksander Nohr (Kjerringøy sin store son, endeleg heime igjen etter studier i København. Han har tolka viser før på Idahall, og dreg han fram den nye Alhambra Maestro 900 Electric E2- gitaren sin, ja, då treng vi omtrent 300 serviettar).

Stephanie Djupvik Lippert (tek ho nokken av sine svenske viser så treng me 300 nye serviettar.)

Polkabjørn og Kleine Heine (vi har ikkje peiling på kva dei finn på, som vanleg, men artig blir det, garantert!)

Arne Ruset (han har fortalt oss om kaketiner og sokkane til Barack Obama tidlegare. No høyrer vi rykte om at han vil kaste eit skråblikk på heile Norges Ole Ivars, men kven veit?)

Pris for alt dette? 3000, 2000, nei, 600 for betalande medlemmar, og betalande medlem blir du med å betale inn kr 250 til konto 3910.35.779

Post a Comment

Oops!

Oops, you forgot something.

Oops!

The words you entered did not match the given text. Please try again.

Already a member? Sign In

0 Comments