Musikkens venner Tomrefjord

Click here to edit subtitle

Konsert med Reza e i Ragazzi

« Back to calendar « Previous Event | Next Event »
Saturday November 15, 2014 6:00 PM - 8:00 PM
Kulturhuset Idahall  (map)

Huskar du Gli Scapoli? Det norske mannskoret oppnådde internasjonal suksess på 1990-tallet under leiing av den dyktige dirigent og multikunstnar Reza Aghamir. No er Reza klar for å skape nye magiske augeblikk på vårt eige Idahall, med det mannsterke koret Reza e i Ragazzi, som beskrivande nok betyr Reza og gutta på italiensk.

I Reza e i Ragazzi samlar Reza åtte til fjorten av Norges fremste operasolistar i eitt mannskor. Hans utvalde menn er i hovudsak profilerte songarar frå Nasjonaloperaen, fleire med store roller i Operaens programsesong 2014/15. Dei er alle sjølvsagt opptatte artistar, og vi ventar ikkje at alle stiller.

Reza e i Ragazzi består av Carsten Stabell, Yngve Søberg, Marius Roth Christensen, Henrik Engelsviken, Hallvar Djupvik, Thor Inge Falch, Espen Langvik, Ole Jørgen Kristiansen, Rolf Magne Asser, Håvard Stensvold, Fredrik Otterstad, Kjetil Støa, Jens-Erik Aasbø og Aleksander Nohr, med Reza Aghamir som dirigent.

- Det er et fantastisk privilegium å få jobbe med så dyktige sangere, dette er mitt dreamteam. Sjelden har jeg gledet meg mer til en konsert, og jeg lover at det blir en kveld publikum sent vil glemme, seier Reza Aghamir.

Denne eksotiske dirigenten vaks opp i Iran der all vestleg musikk var forbudt, og fem år gamal måtte han snikspele piano bak nedtrekte gardiner i Ayatollah Khomeinis strenge regime. Etter ei dramatisk flukt kom Reza og familien til Norge då han var 15 år gamal.

- Det var herlig å kunne drive med musikk uten å skjule seg, og den første tiden spilte jeg av glede overalt hvor jeg var, minnes han.

Han studerte klaverspel ved Norges Musikkhøgskole, («En rebell innen klassisk musikkmiljø, tatt inn på Norges musikkhøgskole - bare for å bli sparket ut igjen», var det ein som sa.) men slutta for å vie all tida si til kordireksjon. Med mannskoret Gli Scapoli fenga Reza alt frå blitzarar og MC-gjengar til pensjonistar på Frogner. No skaper dirigenten igjen kormagi med Reza e i Ragazzi.

Reza og gutta vil by på sjelfulle opplevingar, mektig musikk og sarte augeblikk denne haustkvelden på Idahall.

Repertoaret vil bli klassisk, episk og romantisk med blant anna musikk av Edvard Grieg, Francis Poulenc, Darius Milhaud, og nokre overraskingar vil vi alltid få med denne gjengen!

På samme måten som dei har gjort på Underwater pub i Oslo gjennom 20 år, tek dei musikken direkte frå eigne hjerte og ut til publikum. Velkommen!

Post a Comment

Oops!

Oops, you forgot something.

Oops!

The words you entered did not match the given text. Please try again.

Already a member? Sign In

0 Comments